Om oss

Velkomen til Lux Audio



Det høglydte og det lavmælte.

Dramatikken og det fredelege.

Slik framstår gjerne dynamikken i musikken sine former.

Dette kan gjengjevast med produkta våre i din eigen heim.

Ta kontakt så set vi saman eit musikkanlegg tilpassa din heim.


Dette er ein nettbutikk for deg som verdset god lyd. Vi er ein norsk nettbutikk og sender ut varene våre frå Moltustranda på Sunnmøre. Som frittståande aktør kan vi håndplukke produkta våre, og vi sel kun merkevarer som mottek internasjonal anerkjenning for høg lydkvalitet og byggekvalitet. Vi går sjølv god for produkta, noko vi håper er ein tryggleik for deg som kunde. 

Vi har demorom på Moltustranda der vi viser fram nokre av produkta våre. Demoromet har ope etter avtale ved å kontakte oss i forkant av besøket. Vi vil strekke oss langt for å finne ei tid som passar for deg, inkludert laurdagar og søndagar. Lokalet ligg på gateplan og er, med unntak av kundetoalettet, godt tilrettelagt for rullestol.